Jordnær er ei norsk bedrift som vart sett opp med eit mål om å skape ein portal der produsent og forbrukar lett kjem i kontakt med kvarandre. Jordnær ynskjer å gjera det enkelt og spanande å ete kortreist og sesongbasert mat, så gjennom vår applikasjon kan du som produsent og forbukar komma i kontakt med kvarandre for å selje og kjøpe sesongens flotte råvarer. Me er eit team på fire jenter, som held til i Suldal og Sandnes. Gjennom Jordnær ynskjer me å synleggjere dei råvarene som finnes i lokalsamfunnet, og gjera dei tilgjengeleg for folk på ein enklare måte. Målet er å ta vekk dei mange mellomledda frå bonden på gardsbruket til oss forbrukarar med handlevogna.