Government Administration - Steinkjer, Nord-Trøndelag, Norway
Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. - Vi gir kommunane kunnskap dei treng for å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn - Vi gir Kommunal- og moderniseringsdepartentet kunnskap dei kan bruke for å gjere politiske valg - Vi formidler kunnskap basert på praktiske erfaringar og forskning om lokal samfunnsutvikling Distriktssenteret koplar forskning og praktiske erfaringar. Gjennom direktekontakt med kommunane samlar vi erfaringar frå lokalt utviklingsarbeid. Desse erfaringane tek vi vare på mellom anna i prosjektdatabasen vår, eller som gode eksempel. Dei pratiske erfaringane dannar grunnlag for bestilling av rapportar og utgreiingar frå forskingsmiljø i heile landet. Kommunane har særleg nytte av å få innspel om korleis funn i forskinga kan brukast i det praktiske utviklingsarbeidet. Noko av det unike med Distriktssenteret er altså at vi set saman erfaringar og forsking for å få fram ny kunnskap.
Outlook
Cloudflare DNS
WP Engine
MailChimp SPF
CloudFlare Hosting