Nonprofit Organization Management - , ,
Volda Næringsforum utviklar offentleg og privat næringsliv i heile Volda og i Volda-området. Gjennom rådgiving, møteplassar og påverknadskraft hjelper vi medlemsbedriftene våre til å vokse og utvikle seg.\\Volda Næringsforum er ein aktiv katalysator for å skape samarbeid og vinn-vinn-situasjonar for og mellom medlemmane våre. For å kunne oppnå dette målet, har vi samarbeidspartnarar både lokalt og regionalt.\\Volda Næringsforum er ein kunnskapsorganisasjon. Med innsikt i og god kjennskap til dei lokale tilhøva som er viktige for næringslivet, hjelper vi medlemsbedriftene våre i riktig retning. \\Volda Næringsforum har integritet. Vi sikrar at medlemmane blir høyrt i viktige saker. Vi er opptatt av samfunnsansvar og eit berekraftig Volda-samfunn - no og i framtida.\\MØTEPLASSAR\Vi er eit inkluderande fellesskap der medlemsbedriftene finn og bruker kvarandre gjennom utveksling av erfaringar, idear og produkt. Vi skaper gode føresetnader for medlemmane våre gjennom å legge til rette for gode møteplassar.\\Frukost- og lunsjmøter for medlemmane - eit høve til å byggje nettverk og knytte nye relasjonar. \Frukost- og lunsjseminar - møteplassen der du får fagleg relevant påfyll eller blir presentert for kva dei andre medlemsbedriftene driv på med\\INFORMASJON & KOMMUNIKASJON\Vi er eit bindeledd mellom medlemmar, samarbeidspartnarar og andre viktige aktørar i og rundt Volda. Dette gir oss ein unik kunnskap om kva som rører seg lokalt og i regionen - og som er relevant for di bedrift. Vi kjenner Volda!\\Vi har oversikt over, eller har kontakt med, grunneigarar i samband med behov for kontor- eller andre lokalitetar\Vi har god dialog med Volda kommune og andre aktørar i og rundt Volda\\PÅVERKINGSKRAFT\Vi talar di sak i viktige og relevante debattar. Vi har tilgang til forum der vi kan påverke utviklinga til det beste for våre medlemmar - og for di bedrift. Vi er eit legitimt bindeledd mellom medlemmar og relevante aktørar i Volda og i regionen.
Facebook Custom Audiences
Typekit
Mobile Friendly