Hans og Ola er drivere av Brimi Sæter, der kulturarv og historie vert bevart i drift og bygningar fra 1800-1900-talet. Tradisjonen tro, tar dei kvar sommar med seg dyra til seters i sjølvaste Jotunheimen. Her har dei realisert draumen om det gode liv – ein idyll dei ynskjer å dele med dei besøkjande. På Brimi sæter tilbys unike kulturopplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Ein blir kjent med gardsdyra og historia, og får sjå korleis mjølka vert til ost. Her er det moglegheit til å nyte lange måltid med råvarer frå setra, og overnatte i brisker på låven eller autentiske seterhus.