Furulaft vart etablert i 1995 Bjørn og Jan Egil Ruud, og held til i ein 700 kvadratmeter stor laftehall på Trolløya, like ved Ål stasjon. Furulaft har i dag 11 tilsette.Ein har som mål for verksemda å vidareføre gamal tradisjon og byggeskikk i den moderne tida, og å få arbeide med skikkeleg materiale. Oppdraga er varierte og spennande: Store og små bygg, laft, stavlaft eller reisverk, ansvar for delar av prosjekt eller totalenterprise.Materialet er gjerne sju toms tømmer eller grovare, helst frå dei lokale sagbruka. Karane likar seg spesielt godt når dei kan vera med å skreddarsy løysingane i samarbeid med kunde og arkitekt.Dei kan dette med byggeprosess, og hjelper deg som skal byggje med alt frå dei fyrste skissene på papiret, til nøkkelen står i døra.