Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland. Etter halvannan times reise i retning nord kjem du til storbyen Bergen. Berre ein kort tur mot sør finn du filmbyen Haugesund og oljebyen Stavanger. Likar du å ferdast i båt, byr Fitjar på ein unik skjergard med tronge sund, smale farleier og ei rekkje øyar der du kan gjera strandhogg. I Fitjar kommune er det rundt 350 øyar, holmar og skjer. Kommunen har mekanisk industri og eit skipsdesignmiljø i verdsklasse. Primærnæringa er også viktig. Jordbruket vert dominert av storfe- og sauehald. Organisasjonslivet er sterkt og variert. Fitjar kommune er stor nok til at du er sikra ordna tilhøve, men liten nok til at du blir sett. Kommunen er ei IA-verksemd, og legg til rette for eit inkluderande arbeidsmiljø. Eigen velferdsklubb gir tilbod om sosiale aktivitetar til alle tilsette.