Advokatfirmaet Tollefsen starta i 1990 som eit enkeltmannsforetak i kontorfellesskap med 2 andre advokatar. I dag har firmaet 14 tilsette med lang erfaring frå ei rekke bransjar og rettsområde. Våre advokatar har variert kompetanse og tilbyr god fagleg kvalitet og lokalkunnskap. Dette gjer oss godt i stand til å handtere store og krevjande oppdrag, og finne dei beste løysingane for våre kundar. Næringslivet i regionen er inne i ei spennande utvikling, og med kontor både i Sogndal og i Førde gjer dette oss sterkare i oppgåveløysinga for klientar i heile fylket. Gjennom målretta kvalitetsarbeid og ISO-sertifisering skal vi oppfylle kjerneverdiane i firmaet, at vi er seriøse, imøtekomande og kvalitetsbevisste.Vi tilbyr spesialisert juridisk rådgjeving på konkurransedyktige vilkår.