Bladet Tysnes er ei lokalavis for Tysnes, utflytta tysnesingar og ferierande i kommunen. Redaksjonen held til i nyoppussa lokale like ved Våge ferjekai i Tysnes, sentralt i Sunnhordland, med kort reiseveg til Bergen og Stord. Papiravisa kjem ut kvar torsdag, og har daglege oppdateringar på nett og i sosiale medium. Med eit godkjent opplag på 2.198 er «Tysnes» den lokalavisa i Norge med høgast opplag i høve til folketalet.