MeWinn driv med individuell coaching samt kurs i Ulsteinvik sentrum på Sunnmøre. Vi held til i Sjøgata 7, med kontor og kurslokale. Vi har gode tilbod både til privatpersonar og bedrifter, både lokalt og online via Internett. Våre klientar har eit ønske om utvikling og å dra best mulig nytte av eigne og/eller organisasjonen sine ressursar. Det kan vere personleg utvikling/livscoaching, karriere coaching eller business coaching for leiarar og team som ønsker å optimalisere/effektivisere seg sjølv og teamet. Spesielt i ei tid med mange omstillingar kan det være behov for å bruke ressursane sine på ein ny måte og då er det lurt å ha med ein coach på laget. MeWinn skreddarsyr føredrag og samlingar der kommunikasjon, motivasjon og inspirasjon står i fokus for å betre forstå seg sjølv og kvarandre. Vi har også Mindfulness kurs i Ulsteinvik i samarbeid med Bergen Stressmestringssenter. Velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. DNCF sertifiserte coacher.