Hospitality - , ,
:«Gripen gard og rurale tidsreise» er eit ekte gamaldags Vestlandsbruk forma av sauen gjennom hundrevis av år. Gripen tilbyr overnatting, kurs og opplevingar. Og ull! Garden Gripen (bruk 2) er ein gard på 475 da, og ligg midt på Holsnøy, heilt for seg sjølv, ved padlarparadiset Storavatnet midt på øya. Gripen gard er ein heilt spesiell stad, ligg i enden av ein blindveg, og midt i villmarka. Her ser me ingen naboar, har berre kjerreveg fram til husa og difor ingen trafikk. Garden har eit autentisk kultur og bygningsmiljø med flotte bøar, steingardar, bakkemurar, (smie, eldhus, sag, lemstove mm) som no er restaurert. Garden er under oppbygging etter å ha lege brakk i lengre tid. Stor grindløe er no under bygging. All produksjon på Gripen gard er Debio-sertifisert. :I tillegg til gardsdrift og overnatting er Gripen ein stad for kurs, events og opplevingar. Me held relativt speielle kurs, slik at folk av og til vil kome langveis for å delta. Det kan vere ulike kurs i ulikt tradisjonelt handverk, sjølvberging, korleis overleve i villmarka, utval av material i skogen, lafting, grindbyggjing, dyrestell, økologisk hagebruk, ølbryggjing, steinmuring, bunadssaum, brikkevev, kunsten å vere småbrukar, osv osv. Det er berre å følgje med på www.gripengard.no. Glamping: Overnattingar og feriar utanom det vanlege. I små minihus, liknande sheperds hut, kan me tilby koseleg og spesiell overnatting, i tillegg til ferie på ein autentisk gard med 1950-talsdrift. Eg har fleire båtar som gjestene kan bruke. Det er berre villmark kring garden så langt du ser, og det er lett å få fisk i vatnet. I Gripavika har me bygd danseplatting og utedo. Gripavika ei fantastisk perle her i Gripen. Gripaelva, som er gyte-elv for aure, renn ut her over den store grassletta i vika. Det er bålplass for stort bål og grillplassar i tillegg. Her kan det haldast store festar som jonsokfest, og det er muleg å ha små konsertar der nede. Det er og muleg å campe i Gripavika